mandag 11. mai 2015

Kystfriluftsliv

Kanopadling

Før du set ut på vatnet:

Noko av det viktigaste utstyret du har med deg når du er ute og padlar er redningsvest. Det er derfor viktig at den passa, for om den er for stor kan du skli ut av den og den må også vere stor nok til at den tåler vekta di. Og det er lurt å ha ullklede på seg, fordi sjølv om du blir blaut, vil ikkje du bli kald. Utpå der kan det vere lurt med eit lag med regn- og vindtette klede. Ullsokkar på føtna og godt fottøy, som joggesko eller lette fjellsko. 

Det kan vere lurt å ha med seg eit ausekar, lite spann eller liknande om bøgjene sler inn i kanoen og det blir mykje vatn i han. Ein svamp kan også vere fint å ha for å halde baggasje og klede som du har ombord i båten turre. Det kan og vere lurt og ha med seg ei ekstra åre i båten om den eine knekker eller tau til sleping.


På vatnet:

Det kjem flest skadar på båten når vi set han på vatnet eller når vi tek han opp. Dei fleste ufrivillige "bada" kjem også i desse situasjonane. Når du skal gå oppi båten må du velje ein stad som er djup nok til at kanoen ikkje kjem borti steinar og kan ligge med breisida inn. Når båten er kommen på vatnet tek du oppi sekken og dei andre tinga, og før du går i land tek du ut tinga og så dreg båten opp. Medan ein held kanoen går den andre forsiktig oppi i midten av båten, for minst mogeleg vingling. Så held den som sit kanoen i ro, og den andre går oppi. Den same prosedyren når ein skal i land. 

Den som sit framme i kanoen er den som er motoren, den som sit bak er den som styrer retninga. For å ro framover må begge ro og på kvar si side av kanoen. For å svinge til høgre må begge padle på venstre sida og for å svinge til venstre må begge padle på høgre sida. om du tek åra langt ut frå kanoen og dreg ho mot deg fer du den vegen du hadde åra på. Om du gjer omvendt, altså har åra inntil kanoen og yter ho ut, fer du motsatt veg av der du hadde åra. Du kan og sette åra nedivatnet for å svinge. Om du vil svinge fort mot venstre tek du åra nedi på venstresida, og omvendt.


Kameratredning:

Når ein er ute i kano er det fort å velte, og det kan derfor vere lurt å kunne redde kvarandre. Når du er ute på vatnet så sit ein i kanopar, og kvart par har ein kameratkano. Desse skal hjelpe kvarandre om ein veltar. om din kameratkano veltar, skal dei to som var i kanoen få tak i årene og så skal dei snu kanoen med eine enden mot din kano. No skal dei legge seg oppå den andre enden for å vippe han oppå din kano. Så skal du dra kanoen oppå din kano slik at han ligg med midten oppå din kano og tømmer seg heilt for vatn, i mens skal dei som datt uti vatnet ligge å kvile på kvar sin ende av din kano. Så må du snu kanoen slik at han ligg rett veg igjen, og sette han forsiktig utpå vatnet uten at du glepp han. Legg kanoen tett inntil din eigen og hold den godt fast. No skal ein og ein av dei som datt uti komme seg oppi kanoen igjen. Dette gjer dei ved å gå mellomkanoane på enden og ha ei hand på kvar kano og løftar seg oppi. Så er det veldig viktig å komme seg inn på land og få på seg tørre klede for å ikkje bli nedkjølt.



torsdag 26. mars 2015

Snøhole :D

Hei!

Mandag 16/3 for eg og klassen min på snøholetur i Sogndalsdalen. Der lagde me middag/kvelds, eg, Marianne og Hanne gravde ei sittegrop som me satt rundt bålet i om kvelden, alle gruppen gravde snøhole og der til dagen etterpå. Eg tenkte eg skulle forklare korleis me gravde vår snøhole, men og litt kort om korleis ein kan bygge kantgrop og flatmarksgrop.

Snøhole: Det første du må er å søke med ein søkestav for å finne ein plass der det er god djubde og ikkje altfor hard snø. Det neste du må gjere er å grave ein åpning som er så stor at du kan stå i den, den grev du et par meter inn. Nå du har gravd den, grev du ein åpning et par meter bortom, avstanden kjem ann på kor stor snøhola skal vere. Denne åpninga skal starte lengre oppe enn den andre, så langt oppe som soveplassen skal vere, ca i skritthøgde. Når du har gravd denne eit par meter inn, skal denne inngangen seinare tettast igjen så ikkje all den varme luften kjem ut der. Så går du inn i den eine inngangen og grev deg inn mot den andre for å lage liggebenkane. Når du har gravd snøhola ferdig, må du passe på at taket er 75 cm tjukt og at veggane er 30-40 cm tjukke. Me hadde litt for tynt tak så me måtte bygge det ned litt. Taket må vere boga fra golvet og opp og ha ei glatt flate, slik at det ikkje dannar seg tappar og begynner å drype om natta, men heller renn ned langs sidene. No må du koste ut all snøen fra hola og tettar igjen den eine inngangen. Så må du lage isblokker som skal dekke inngangen i fra taket og ned til under likkebenkane. Desse lager du ved å trampe ned eit område og lage trappetrinn der. So saga du ut isblokkene og legg den nederste først og så oppover. Så dekker du mellomromma mellom blokkene med snø, for å gjere det vind- og nedbørstett.

Kantgrop: Først må du grava ein hoftehøgdes djup inngang so skal vere smal og like lang som ein vaksen skistav. Gangen skal ikkje vere breiare enn att ein nett klarer å snu seg. Inne i gangen lagar du ein snøbenk som de skal ligge på. Dette gjer de ved å grave skrått ned og innover. Benken børr vere litt lengre enn deg sjølv i begge endar. Så må du lage snøblokker som i snøhola, men her legg du dei tvers av toppen over snøgangen. For å lage ei dør set du to snøblokker framfor inngangen og brukar staven din som eit dørhandtak. Sidan inngangen her er heilt tett må du stikke staven igjennom taket ein plass for å få fri tilgang på luft-

Flatmarksgrop: Først må du grave ut snøblokker i fra overflata, før du grev ei grøft i djubden. Grøfta bør vere i ståhøgde, om ikkje meir, og ikkje ver for brei. Så må du grave ein liggebenk på same måte som ein gjer i ei vanleg snøhole. Taket lagar du ved å legge ski og stavar på tvers av opninga og legg isblokker oppå, og deretter tettar du med laussnø. Det er lurt å tette mesteparten av åpninga frå utsida først, og så tek du inn alt av utstyr og tettar resten av åpninga innanfrå. Her også må ein stikke staven igjenom taket for å få nok oksygen gjennom natta.

fredag 27. februar 2015

Fornuftig og rett mat på tur! :D

Når ein reiser på tur treng kroppen meir energi enn vanleg. Dess meir vi brukar musklane våre, dess større blir energibehovet vårt. Kroppen får energi ved å forbrenne karbohydrat, protein, feitt, vatn og mineral som er i maten vi et. Dette blir omgjord til energi som kroppen vår kan bruke. Og når ein går turar er det også viktig å få i seg nok væske. Vi slepp ut væske gjennom pusten, fordamping frå huda og gjennom sveitt. Når ein går lengre turar er det lurt å få i seg meir enn 2 liter væske per døgn.

På turar kan vi godt få i oss meir karbohydratar enn til vanleg for å sikre nivået på blodsukker og glykogen. Når ein arbeider hardt varer berre glykogenlageret i 1-2 timar, og då er feitt eit viktig tilskot i energiforsyninga. Når ein går ein tur med relativt høgt og vedvarande aktivitetsnivå bli glykogenlagra etter kvart tømde. Dette merkar vi ved at vi blir slappe, fordi nervesystemet reagerer på fall i blodsukkeret, men også fordi muskencellene får for lite sukker til forbrenning.

Når ein går på lange turar er det veldig viktig at ein bygger opp att glykogenlageret i løpet av natta, og at ein fyller på med mat gjennom heile dagen. Mesteparten av karbohydrata vi tek inn bør vere komplekse karbohydratar, som grovt brød, kornprodukt, havregryn, ris pasta og poter. Og det største måltidet vi bør ha er på kvelden, nettopp for å byggje opp igjen glykogenlageret i løpet av natta. Når vi tek pausar i løpet av dagen, kan vi godt ete simple karbohydratar for å få opp blodsukkert litt fort, men då saman med komplekse karbohydratar. For om vi berre et simple karbohydratar stig blodsukkeret fort, men vi blir også tomme ganske fort.

Til frukost er det lurt å ha noko varmt som gir mykje energi, varme og gjer deg god og mette og klar til ein ny dag med ein lang tur. Då er havregraut eit godt alternativ, og for å gjere han litt meir spennande og velsmakande kan du ha nøtter, rosiner, sukker og kanel på han. Om du ikkje likar dette kan det vere lurt å lage ei frukostblanding heime der du blander det du likar og hell varmt vatn elle mjølk over når du kjem dit. Det er også lurt å ha noko varmt å drikke til slik at du får skikkelig varmen i deg. Det som også er lurt å gjere er å fylle varm drikke på termosen, slik at du har det utover heile dagen.

Vinterfriluftsliv - skitur 1&2

Sogndalsdalen

Før turen til Rindabotn lærde me litt om korleis me skulle ferdast i vinterfjellet. Me lærde litt om når det var skredfare, korleis me kunne sjå kvar vinden hadde kome frå og danna skavlar, korleis klede det var lurt å ha med og på seg, litt om mat i vinterfjellet, og me planlagde kor me skulle gå.

Me blei henta utanfor nyeskulen og køyrde opp på parkeringsplassen i Rindabotn. Der i frå gjekk me opp til raude-kross-kassen der me tok ein liten pause. Opp mot dette punkte var det tre grupper, ei om gongen, som bestemmte kvar me skulle gå. Me så på ledelinjer som vinden, som me hadde søk opp i timen før om kvar den skulle komme frå, hytter, knausar, og sjølvsakt skiløypa som me gjekk i. Ut frå desse visste me kvar me var og kvar me skulle.

Så var det neste gruppe sin tur til å lede ann, og det leda ann opp til rysete, der me skulle gå ut av løypa og ut i laussnøen. No var det viktig å sjå etter plassar der det kunne være fare for skred. Når me gjekk ut i laussnøen var det ei ny gruppe so leda ann, og me gjekk mot Skavassgrovi. Etter dette var det Torgeir som leda ann opp mot Skavasshaugane. Me valgte å ikkje gå heilt opp på toppen, fordi det var så mykje vind, og me hadde litt dårleg tid.

På veg opp mot skavassgrovi måtte Kristina og Vegard snu, fordi Vegard vart dårleg og hadde problem med å komma seg opp, fordi han hadde gløymt feller. Når me skulle køyra ned igjen valgte me å køyra rett nord i staden før å køyra tebake der me kom frå. Det var mange som hadde store problem med å halde seg på føtna. Alle datt som fluger ned i snøen bortsett frå meg, Marianne, Jonas og Torgeir. Kjersti var den som hadde det styggaste fallet. Det såg skikkeleg styggt ut ei stund, men heldigvis var det berre naseblod, og ho var klar for å køyre vidare.

Me brukte litt lengre tid enn det me hadde tenkt at me skulle gjere på nedoverturen, noko som me lærde av te neste tur. Det var og mange som frøys på grunn av at det regna og blåste masse. Så klesvalget var nok noko me jobba med til turen på Kaupangerskogen.

Kaupangerskogen

Før turen til Kaupangerskogen fekk me vite ruta me skulle gå opp på pikkhaug. Me skulle gå frå Goro, nordvest på ein sti mot ei kraftlinje, når me møtte kraftlinja skulle me gå mot vest til me kom til Ospeseter. Frå Ospeseter skulle me gå mot nord til meigjen traff kraftlinja der ho kryssa ein sti. Me skulle følgje kraftlinja, nordvest, til ho har ein "knekk", då skulle me gå nord mot Pikkhaug. Det var plan A, plan B var å snu om me ikkje klarde å komme heilt opp, kriseplanen var at me hadde ein bil på Goro.

Denne turen kunne ikkje eg vere med på på grunn av sjukdom.

-Oda





































mandag 27. oktober 2014

Tur nr. 2 - Halsavatnet

Torsdag 16/10 skullen turen gå til Halsavatnet. Tidlegare i veka planla vi turen. Ei gruppe fekk ansvar for å lage eit kart der det var innteikna kor vi skulle gå, ei anna gruppe fekk i oppdrag å lage tidsplanen, den tredje gruppa skulle bestemme kven som skulle lede gruppa dei forskjellige stadane, den fjerde gruppa lage måla vi skulle ha for turen og mi gruppe laga pakkelista.

Etter skulen, klokka 4, møtte vi ved volleyballbanene for å fordele utsyret. På mi gruppe var det Daniel som bar teltet, Jonas som bar stormkjøkkenet og eg som bar raudspriten. Vi fekk alle utdelt kvart sitt kart og kompass. Så sette vi oss i bilen og minibussen og køyrde avgarde.

Når vi kom opp på Åsen, der vi skulle begynne å gå klokka 17:00, var vi litt før sjemaet. Vi regulerte klesmengden og tok ut kompasskursen før vi tok føtna fatt og tok til å gå. på vegen måtte vi plukke med oss ved til bålet vi skulle fyre opp om kvelden. Når vi nesten var framme, tok den ledande gruppa ei avgjerdsle om at vi skulle gå av stien og heller gå rett ned mot den planlagde leirplassen.

Når vi kom ned der, blas det litt mykje, og det var ikkje like bra leirplass som det hadde sett ut på kartet. Vi satte i frå oss sekkane og for ut på ein joggetur for å finne ein betre leirplass. Det tok ikkje lang tid
før vi fann det og tok på oss sekken og gjekk nett over ein haug. Der var det ly for vinden og litt turrare på bakken.

Vi tok til å sette opp telte og ordna til der inne først. Allerede før klokka var sju og det var blitt mørkt hadde vi fått fyrt opp gassbrennaren og heve burgarane på plata. Det var kjempegodt med hamburgar til middag/kvelds. Og når vi var ferdige å ete hadde den eine gruppa fyrt opp bålet, sidan dei mangla den delen du skal ha raudspriten i.

Når alle var ferdige å ete og hadde pakka saman maten sine, satte me oss rundt bålet. Så skulle Kristina lese nokon spøkelseshistoriar som ho hadde skreve ut frå nettet. Dei va KJEMPE DÅRLEGE. Eg trur de er dei verste spøkelseshistoriane eg ha høyrt. Vi berre lo gjennom historiane, så dårlege var dei. Vi satt heile kvelden rundt bålet. Det var kjempekoseleg at alle saman sat rundt bålet og prata og lo.

Når klokka var ti gjekk me og pussa tenne, tok alle ting som låg ute inn i fortelte, bytta kle og la oss til å sove. Eg, Daniel og Jonas låg og pratte til klakka va ca 11 og da sovna vertfall eg. Når klokka var eitt, vakna eg av at eg hadde kjempeilt i hovudet og fraus på føtna. Eg låg og prøvde å sove fram til klokka var to. Da merka eg at Daniel var vaken, og det hadde han vore fra me la oss til no, og Jonas vakna av at eg og Daniel låg og pratte. Eg spurde om nokon av dei hadde ein paracet, for eg hadde berre Paragen Forte (som vi ikkje visste heilt ke va), men det hadde dei ikkje. Eg gjekk bort til Torgeir og Kristina og fekk ein paracet av dei, og vart bedre i hovudet etter ein halv time. Da var det ingen av oss som var trøytte så vi la oss og pratte, men så begynnte dei å prate om fotball, og satte opp sine eigne draumelag, og då slokna eg.

Når vi vakna om morgonen, var klokka kvart på ni, og det var eitt kvarter før planen vår. Vi lagde oss frukost, knekkenbrød med skinkeost, og pakka ned teltet og gjorde klare sekkane våre til me skulle gå. Denne gangen var me klare klokka ti, som var ein halvtime før me skulle ha vore ferdige. Men me sette oss ned og pratte og tok livet med ro, til Kristina og Torgeir var klare og.

Når klokka var halv elleve sette me kursen mot Nuken, men eg og Torgeir tok vår plan B og gjekk ned igjen den vegen me kom opp, sidan han hadde ein dårleg fot og eg var slapp i heile kroppen og hadde ilt i hovet. Dei andre følgde stien heilt opp på Nuken, og ned mot Hølsete. Der tok dei ein matpause istaden for å ta den på Nuken der det var mykje vind og når dei nett hadde ete.

Eg og Torgeir møtte på pusen eit stykke oppi som me hadde møtt på parkeringsplassen dagen før. Han følgde oss heilt ned på parkeringsplassen igjen og la seg der, før å venta på at det var nokon andre han kunne følgja etter. Når eg kom ned igjen på skulen vaske eg stormkjøkkenet vårt og gav det og raudspriten til Torgeir.

Det som vi gjorde veldig bra denne turen var at vi følgde tidsplanen vår, og var til og med litt før han. Eg kunne hatt med meg vanlege paracet og kanskje nokon varmare sokkar. Og eg lærde korleis vi skulle fyre opp bål, og korleis vi kunne ha sporlaus ferdsel når me tende bål.

-Oda <3

Bålbrenning

Mandag 29/9 reiste vi opp på Rutlin for å lære korleis vi skal byggje opp bål. Når vi kom opp haddeto studentar allerede tent eit bål som vi skulle sitte rundt etterpå. Vi fekk utdelt forskjellige oppgåver, nokon samla bjørkenever, nokon køyvde ved, nokon lagde trefot og Anja, Marianne og eg spikka flisar. Dette skulle vi bruke til eit anna bål litt seinare.

Så sette me oss ned rundt bålet og åt maten vår. Det var mange so hadde med seg ostesmørbrød, nokon hadde med seg pølser, medan andre hadde berre med seg vanleg niste.

Du har to forskjellige båltypar:

Pyramidebål: Da treng du steinar i botn og oppå der legg du bjørkenever, for å få i gang den første flamma. Når neveren har begynnt å brenne Brukar du dei tørraste og tynnaste kvistane du finn og set dei opp mot kvarande i ein sirkel rundt bålet, slik at du ikkje kveler flammane, og hiv på fliser av ved for å holde bålet i gang. Etter kvart som dei tek fyr og du får meir varme, kan du legge på grovare og grovare kvistar og ved. Når du har fyrt lenge nok, kan du og bruke ved som ikkje er heilt tørr.
  Dette bålet er best til å lage mat på.

Vinterbål: Her brukar du tjukke og rå stokkar i botnen. Oppå det legg du tynne og tørr ved. Det neste laget er nøreved, tynne og tørre kvistar og tørr flis, sponflis av tørr ved og på toppen bjørkenever. Dette bålet tenner du frå toppen, slik at det brenn nedover.
  Dette bålet held lengst på varmen og er lettare å halde i gang.


tirsdag 30. september 2014

Turen til Fjærlandssete! :)

Oppsummering av turen
Vi møtte ved volleyballbanene kvart på ni. og reiste derifra med ein minibuss og ein privatbil klokka ni. Når vi kom fram til dit bussen ikkje kunne køyre lengre, tok vi ut kompasskursen og fann ut kvar vi skulle gå. Da tok den først gruppa leiinga og vi begynnt å gå. På vegen stoppa vi og gjekk 50 meter vekk frå stien, der vi såg på kor eit hus hadde stått og diskuterte kvifor det hadde stått akkurat på den plassen.

Så tok vi beina fatt igjen og gjekk vidare. Neste stopp på turen, utanom alle småstoppa for å skjekke stien, var på Furusete der vi hadde ein 1 timars lunch-pause. Vi fylte drikkeflaskene og magane våre, slik at det var mogeleg å fortsette turen til Fjærlandsete. Her var det ein ny gruppe som skulle lede vegheilt opp til Fjærlandsete.

Dette gjekk ganske bra og det var no tid for å finne ein god leirplass. dette var det den tredje gruppa som skulle finne. Når vi hadde funn den passande leirplassen slo vi opp teltet.Når vi hadde gjort dette for mage for å fiske og nokon for opp på ein fjelltopp og satt der. Eg vart med Beate for å fiske og etter ho var ferdig å fiske gjekk vi opp mot dei øverste hyttene der vi leitte etter dekning, men det vart veldig lite å få inn. Vi skulle møte ved leirplassen klokka 4, og då skulle teltgruppene lage middag saman, og vi lagde tomatsuppe.
Så skulle teltgruppen gøyme ein ting og så lag kordinatane og vegbeskrivelsen til der plassen der tingen låg, og så byte med ein an gruppe. Vår gruppe var den første gruppa som fann tingen til den andre gruppa. Etter dette hadde vi ein quiz, som gjekk på kart og kompass. Det var veldig mange spørsmål og fram til det siste spørsmålet låg gruppa mi og ei an gruppe heilt likt. Heldigvis klarde vi å svare rett på det siste spørsmålet og vann dermed quizen.

Etter det kunne vi gjere det vi ville. Vi fydre opp bålet og lagde oss eit mellommåltid. Så hadde Marianne lagd seg kakao og akkurat i det ho hadde set seg heiv Vegard ein stor stokk på bålet, så Marianne svatt og sølte all kakaoen sin på seg. Når ho hadde fått tørka av seg all kakaoen og sett seg var det Daneil som skulle styre showet. Han skulle tenne på stormkjøkkenet, og da tok graset under stormkjøkkenet fyr. Han fekk stormkjøkkenet unna og sløkt flammane. Men i all forfjamsinga hadde Vegard fått eitt kutt i haka. Når lærarane kom tilbake vart Vegard lappa saman og dei hadde henta kvistar til bålet, satte vi ogg rundt bålet, åt god mat og drikke og koste oss med mange god historiar.

Morgonen etter var planen å reise frå leirplassen halv 10, mne etter ein litt lengre frukost og pakking enn planlagt for vi ikkje før klokka var 10. Det var då den gruppa som hadde funne leirplass som skulle lede oss litt vidare. Etter det var det mi gruppe som tok kontrollen for styringa og leidde dei andre fram til lunchplassen vår som var på Fagereggji, der vi hadde ein 45 min lang pause.

Her er nesten heile ruta vår. Det som er merka med blått er den ruta som Sander, Live, Beate og eg leidde.
No var det den siste gruppa som leidde oss ned til Kollsetestølen, der vi sat og tok ein liten oppsummering av turen før vi for vidare ned til hovudvegen og tok bussen derifra og ned til sentrum. Vi måtte vaske stormkjøkkenet, henge teltet til tørk og levere inn kart og kompass før vi fekk gå heim.

Gjort anleis:
Ein av tinga vi kunne gjort anleis var å starte å lage frukost litt tidlegare, slik at det ikkje vart så mykje stress. Eg kunne hatt med meg litt meir klede, fordi det vart litt kaldt om kvelden og om natta. Eg kunne og ha hatt med litt meir mat, måtte få litt mat av Anja på vegen heim igjen. Desse tinga skal eg ta med meg til neste tur.

Bra:
Vi fordelte bæring av stormkjøkken, telt og kart og kompass med ein gang, og det var ingen som aldri bar noko. Vi hadde planlagt middagen godt, der alle hadde handla ting til seg sjølve og gruppa. vi hadde og ein felles frukost som var pannekaker.

Har lært:
Eg lærde meir om korleis ein skulle lage bål. Eg lærde og at ein ikkje bør tømme raudspirt opp når den du har raudspriten oppi fortsatt er heit...hahahah! Eg lærde og meir om korleis ein skulle sette opp telt og korleis ein bør pakke sekken når ein skal på tur, korleis ting som skal kvar. og korleis klede og kor mykje mat ein bør ha med seg, og korleis ting som kan være kjekke å ha med seg.