Mandag 29/9 reiste vi opp på Rutlin for å lære korleis vi skal byggje opp bål. Når vi kom opp haddeto studentar allerede tent eit bål som vi skulle sitte rundt etterpå. Vi fekk utdelt forskjellige oppgåver, nokon samla bjørkenever, nokon køyvde ved, nokon lagde trefot og Anja, Marianne og eg spikka flisar. Dette skulle vi bruke til eit anna bål litt seinare.
Så sette me oss ned rundt bålet og åt maten vår. Det var mange so hadde med seg ostesmørbrød, nokon hadde med seg pølser, medan andre hadde berre med seg vanleg niste.
Du har to forskjellige båltypar:
Pyramidebål: Da treng du steinar i botn og oppå der legg du bjørkenever, for å få i gang den første flamma. Når neveren har begynnt å brenne Brukar du dei tørraste og tynnaste kvistane du finn og set dei opp mot kvarande i ein sirkel rundt bålet, slik at du ikkje kveler flammane, og hiv på fliser av ved for å holde bålet i gang. Etter kvart som dei tek fyr og du får meir varme, kan du legge på grovare og grovare kvistar og ved. Når du har fyrt lenge nok, kan du og bruke ved som ikkje er heilt tørr.
Dette bålet er best til å lage mat på.
Vinterbål: Her brukar du tjukke og rå stokkar i botnen. Oppå det legg du tynne og tørr ved. Det neste laget er nøreved, tynne og tørre kvistar og tørr flis, sponflis av tørr ved og på toppen bjørkenever. Dette bålet tenner du frå toppen, slik at det brenn nedover.
Dette bålet held lengst på varmen og er lettare å halde i gang.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar