fredag 27. februar 2015

Fornuftig og rett mat på tur! :D

Når ein reiser på tur treng kroppen meir energi enn vanleg. Dess meir vi brukar musklane våre, dess større blir energibehovet vårt. Kroppen får energi ved å forbrenne karbohydrat, protein, feitt, vatn og mineral som er i maten vi et. Dette blir omgjord til energi som kroppen vår kan bruke. Og når ein går turar er det også viktig å få i seg nok væske. Vi slepp ut væske gjennom pusten, fordamping frå huda og gjennom sveitt. Når ein går lengre turar er det lurt å få i seg meir enn 2 liter væske per døgn.

På turar kan vi godt få i oss meir karbohydratar enn til vanleg for å sikre nivået på blodsukker og glykogen. Når ein arbeider hardt varer berre glykogenlageret i 1-2 timar, og då er feitt eit viktig tilskot i energiforsyninga. Når ein går ein tur med relativt høgt og vedvarande aktivitetsnivå bli glykogenlagra etter kvart tømde. Dette merkar vi ved at vi blir slappe, fordi nervesystemet reagerer på fall i blodsukkeret, men også fordi muskencellene får for lite sukker til forbrenning.

Når ein går på lange turar er det veldig viktig at ein bygger opp att glykogenlageret i løpet av natta, og at ein fyller på med mat gjennom heile dagen. Mesteparten av karbohydrata vi tek inn bør vere komplekse karbohydratar, som grovt brød, kornprodukt, havregryn, ris pasta og poter. Og det største måltidet vi bør ha er på kvelden, nettopp for å byggje opp igjen glykogenlageret i løpet av natta. Når vi tek pausar i løpet av dagen, kan vi godt ete simple karbohydratar for å få opp blodsukkert litt fort, men då saman med komplekse karbohydratar. For om vi berre et simple karbohydratar stig blodsukkeret fort, men vi blir også tomme ganske fort.

Til frukost er det lurt å ha noko varmt som gir mykje energi, varme og gjer deg god og mette og klar til ein ny dag med ein lang tur. Då er havregraut eit godt alternativ, og for å gjere han litt meir spennande og velsmakande kan du ha nøtter, rosiner, sukker og kanel på han. Om du ikkje likar dette kan det vere lurt å lage ei frukostblanding heime der du blander det du likar og hell varmt vatn elle mjølk over når du kjem dit. Det er også lurt å ha noko varmt å drikke til slik at du får skikkelig varmen i deg. Det som også er lurt å gjere er å fylle varm drikke på termosen, slik at du har det utover heile dagen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar